New Holland
New Holland er eit dotterselskap til CNH Global som produserer traktorar, skurtreskarar og anna jordbruksreiskap. Førtaket er verdas nest største produsenten av landbrukbruksmaskinar (etter John Deere).
New Holland | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1895 | ||
Hovudkontor | Italia | ||
Land | USA | ||
Produkt | jordbruksmaskin | ||
Nettstad | https://agriculture.newholland.com/ (engelsk) |
Produkt
endreSoge
endre- 1895: New Holland Machine Company vart stifta i New Holland i Pennsylvania i USA.
- 1947: Sperry Corporation kjøpte New Holland og endra namnet til Sperry New Holland.
- 1964: Sperry New Holland kjøpte Claeys.
- 1975: New Holland marknadsførte verdas fyrste aksialskurtreskar.
- 1977: Versatile Manufacturing Ltd. bytta namn til Versatile Farm Equipment Company.
- 1986: Ford kjøpte Sperry New Holland og la det saman med Ford Tractor til Ford New Holland.
- 1991: Fiat kjøpte 80 % av Ford New Holland og la det saman med FiatGeotech til N.H. Geotech. Dei tidlegar merkenamna Fiat og Ford var i ein overgansperiode, samtidig som ein frå 1993 tok til å selja traktorar under merkenamnet New Holland.
- 1991: Ford New Holland kjøpte Versatile Farm Equipment Company .
- 1993: N.H. Geotech endra namn til New Holland N.V.
- 1999: Fiat kjøpte Case IH, la det saman med New Holland N.V. og endra namn til CNH Global N.V., men Case IH og New Holland vert ført vidare som separate merke. For å få godkjent kjøpet vart Versatile i Kanada selgd til Buhler Industries i Winnipeg. Traktorfabrikkane i Doncaster i England vart seld til det italienske føretaket ARGO, saman med merkenamnet McCormick.
- 2000: Frå 2000 var alle traktorane til førtaket blå og berre merkenamnet New Holland vart nyta.