New York Hippodrome

Hippodrome Theatre,[1][2][3][4][5] òg kalla New York Hippodrome, var eit teater og seinare ein kino i New York City frå 1905 til 1939 på Sixth Avenue mellom 43rd Street og 44th Street i Theater District i Midtown Manhattan. Det vart kalla for i verdas største teater av byggjarane. Det hadde 5 300 sitteplassar og ein 30 gangar 61 meter stor scene. Teateret vart utstyrt med den seinaste teknologien innanfor teaterutstyr i si samtid, mellom anna ein løftbar vasstank i glas.

New York Hippodrome

Kart
Hippodrome Theatre
40°45′21″N 73°59′00″W / 40.7558°N 73.98332°W / 40.7558; -73.98332

Hippodromen vart bygd av Frederick Thompson og Elmer Dundy, skaparane av Luna Park-forlystelsesparken på Coney Island, med stønad frå Harry S. Blacks U.S. Realty, eit av i dei dominerande eigedom- og byggeselskapa i samtida. Bygget vart overteke av The Shubert Organization i 1909. I 1933 vart det gjenopna som kinoen New York Hippodrome, og vart scenen for Billy Rose sin musikal Jumbo i 1935. Dei som opptredde i hippodromen omfatta mange sirkus, musikalske revyar, vaudevillar og den forsvinnande elefanten til Harry Houdini, Det blei vist stumfilmar som Neptune's Daughter frå 1914 og Better Times frå 1922, i tillegg til filmar frå 1930-talet.[6]

Teateret stengde i august 1939 for å rivast.[6] I 1952 opna ein stor, moderne kontorbygning kalla «The Hippodrome Center» (1120 Avenue of the Americas) på same stad.

I kulturen endre

I 1915 komponerte John Philip Sousa marsjen «The New York Hippodrome» til minne om at korpset hans spelte i tilstellinga Hip Hip Hooray denne staden.[7]

Kjelder endre

  1. «Raze Old Hippodrome Theater in New York; Will Build 'Taxpayer'». Chicago Tribune. 9. juli 1939. Henta 22. februar 2013. 
  2. George C. Izenour (1996). Theater Technology. ISBN 0300067666. Henta 22. februar 2013. 
  3. David Ewen (1970). New complete book of the American musical theater. Holt, Rinehart, and Winston. ISBN 9780030850608. Henta 22. februar 2013. «Hippodrome Theater.» 
  4. Armond Fields (22. januar 2002). Fred Stone: Circus Performer and Musical Comedy Star. ISBN 9780786411610. Henta 22. februar 2013. 
  5. Sheldon Patinkin (20. mai 2008). "No Legs, No Jokes, No Chance": A History of the American Musical Theater. ISBN 9780810119949. Henta 22. februar 2013. 
  6. 6,0 6,1 "World Theatres – alphabetical listing", World-Theatres, 2008, webpage: World-theatres.
  7. «The New York Hippodrome March». United States Marine Band. Arkivert frå originalen 11. juni 2021. Henta 11. juni 2021. 
  • Epstein, Milton. The New York Hippodrome: A Complete Chronology of Performances, From 1905 to 1939. Performing Art Resources, vol. 17–18. New York: Theatre Library Association, 1993. ISBN 978-0-03-261014-9

Bakgrunnsstoff endre