Nicolai Andresen

Nicolai Andresen (24. september 178118. november 1861) var ein danskfødd kjøpmann og politikar, busett i Christiania frå 1801.

Nicolai Andresen
Nicolai Andresen (1781 - 1861) (2719656018).jpg
Fødd 24. september 1781
Tønder
Død

18. november 1861 (80 år)
Christiania

Yrke bankier, politikar
Nicolai Andresen på Commons

Andresen var frå Tønder i Sønderjylland, son til ein skreddarmeister. Sjølv var han i ein del år tilsett hos ein kjøpmann i Flensburg. I 1801 kom han til Christiania og vart kompanjong hos kjøpmann G.F. Hagemann. Frå 1809 til 1845 dreiv Andresen eigenhendig ei grossist- og bankforretning i den norsk hovudstaden. Bankverksemda hans var elles grunnlaget for den seinare etablerte Andresens Bank.

Gjennom fleire tiår sat Andresen i fleire utval og kommisjonar som stelte med bank- og finanssaker. Han møtte på stortinget 1818 som varamann for Paul Thrane, og var i 1824 fyrsterepresentant for Christiania på tinget. I 1818 var han medlem av ti komitear, mellom andre i budsjettkomiteen, om handelsflagget og om vekslar/vekselrenter. Andresen var medlem av det fyrste bystyret i hovudstaden og var bystyremedlem 1837-43.

KjelderEndra