Opna hovudmenyen

Nicolai Hanson (fødd 24. august 1870 i Kristiansund, død 14. oktober 1899 på Kapp Adare i Antarktis) var ein norsk preparant og polarforskar. Han var det første mennesket som omkom og vart gravlagd på det antarktiske kontinentet, då han som medlem av Southern Cross-ekspedisjonen under leiing av Carsten Borchgrevink døydde etter lengre tids sjukdom.

Nicolai Hanson
Nicolai Hanson.jpg
Fødd 24. august 1870
Kristiansund
Død

14. oktober 1899
Cape Adare

Yrke oppdagar, zoolog
Nicolai Hanson på Commons

Hanson hadde vorte alvorleg sjuk under sjøreisa frå England. Etter å ha kome fram til ekspedisjonen sin overvintringsleir ved Kapp Adare, var han frisk nok til å kunne gjennomføre delar av dei planlagde vitskaplege aktivitetane. Dette var den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis, og i løpet av vinteren vart Hansons helsetilstand forverra. Han var klår over kva for ein veg det gjekk, og den 14. oktober døydde han.[1] Obduksjonen synte at dødsårsaka var tarmslyng, men noko sikker diagnose over sjukdomen hans er ikkje blitt fastslått. Det har vore spekulert i om han leid av skjørbuk eller beriberi, men meir truleg pådrog han seg ein infeksjon i São Vicente under reisa sørover.[2] Hanson si dagbok frå turen er bevart, men mykje av dei vitskaplege notata og prøvene gjekk tapt etter skjønlaus handsaming på heimturen .

Etter eige ynskje vart Hanson gravlagt i fjellpartiet ovanfor Kapp Adare, der ei grav vart sprengt ut i fjellet. Grava er markert med kvite kvartssteinar og ein trekross og plakett som er festa til ein stor stein. Ho er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.

Hanson hadde ein kort periode i 1895 studert zoologi under professor Robert Collett ved Christiania Universitet. Han var ein ivrig jeger, samlar og konservator, og før han vart valt ut til å delta på Borchgrevinks ekspedisjon hadde han drive feltarbeid i Nord-Noreg for British Museum og Zoologisk museum.

Han gifta seg kort tid før han reiste til Antarktis, og fekk seinare ei dotter. Oldeborna hans David Vogt utgav i 2008 ei bok om Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen.[3]

Hanson Peak (1255 moh.) på Kapp Adare er kalla opp etter han.

KjelderEndra

  1. Vogt, s. 148–156
  2. Vogt, s. 273
  3. Per Egil Hegge: «En miskjent polarhelt» Aftenposten, 13. desember 2008

BakgrunnsstoffEndra