Jens Nicolai Jenssen (14. desember 179229. august 1867) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Trondheim. Hans Peter Jenssen (1797–1868) var ein ynge bror. Ei syster var gift med Henrik Hagerup.

Nicolai Jenssen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1792
Trondheim
Død

29. august 1867 (74 år)
Trondheim

Yrke politikar
Far Matz Jenssen

Jenssen var son til ein grosserar. Etter å ha gått den borgarlege realskulen i fødebyen, tok han vidare merkantil utdanning på ein skule i Cumberland i England. Han tok handelseksamen i 1818 og dreiv saman med mellom andre broren Hans Peter Jenssen firmaet Jenssen & Co. frå 1821. I 1839 skipa han sitt eige handelsfirma, N. Jenssen. Jenssen kjøpte Verdals-godset 1832 og eigde også godset Mostadmarka. I tillegg var han skipsreiar og børskommissær.

Jenssen representerte Trondheim på stortinga 1833 og 1836, Omframtstortinget 1836-37 og Stortinget 1842. I 1845 og 1854 representerte han valkrinsen Trondheim og Levanger på stortinget. Han var medlem 1833, 1836 og 1842 i Bankkomiteen, og formann i 1845 og 1854. Elles var han i 1833 sekretær i komiteen om statskassemidlane og Bodø-saka, medlem 1836 i komiteen om brannvesen i byane, og 1836-37 medlem i Budsjettkomiteen og sekretær i flaggkomiteen. I 1845 var han med i komiteen om trontalen og i Valkomiteen, og til sist var han i 1854 også medlem i Valkomiteen og i komiteen om nøytralitetsløyvingar.

Kjelder endre