Verdal kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Verdal)
«Verdal» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Verdalsøra.
Verdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Verdal
Areal 1 548 km²
 - land 1 488 km²
 - vatn 60 km²
Folketal 15 193  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Pål Sverre Fikse (Sp)
Kommunenr. 5038
Kart
Verdal kommune
63°47′32″ N 11°28′54″ E
Wikimedia Commons: Verdal
Nettstad: www.verdal.kommune.no

Verdal (sørsamisk: Verdaelie) er ein kommune i Trøndelag som stort sett fell saman med Verdalen, ein elvedal med sidedalar som strekker seg frå vasskiljet ved riksgrensa til Trondheimsfjorden. Kommunen grensar i nord mot Steinkjer, Inderøy og Snåsa, og i sør mot Meråker og Levanger. I aust går riksgrensa mot Sverige. Slaget på Stiklestad stod i dalen i 1030.

Spelet om Heilag Olav vert vist kvart år på friluftscena på Stiklestad under Olsok-dagane. Verdal er truleg den einaste kommunen/prestegjeldet i Noreg som ikkje har endra grenser og namn så langt tilbake som det finst kjelder. Bygda er også kjend som «Lottobygda».

Geografi endre

Verdal er dominert av Verdalsvassdraget, der elvane Inna med utspring i Innsvatnet og Helgåa med utspring i Veressjøen, også kalla Veresvatnet, er dei to største. Desse renn saman og dannar Verdalselva ved Vuku. Inna renn gjennom den største sidedalen til Verdalen, Inndalen som strekkjer seg frå Sandvika ved svenskegrensa ned til Vuku.

Høgste fjellet i Verdal kommune er Løysmundhatten på 1090 moh.

E6 og Nordlandsbanen går gjennom Verdal kommune frå nord til sør. Riksveg 72, også kalla Jämtlandsvegen, går frå E6 ved Vinne og kryssar riksgrensa til Sverige ved Åbo.

Næringsliv endre

Jordbrukslandskap i Verdal

Verdal er tradisjonelt eit jordbrukssamfunn, men har spesielt etter etableringa av Aker Kværner Verdal også vorte eit industrisamfunn. Ørin industriområde ved Verdalsøra romer i dag industri innanfor ei rekkje næringar

Historie endre

Spor etter menneske tilbake til steinalderen er å finne så langt inn i landet som Vera ved svenskegrensa. Gjenstandar frå yngre steinalder fortel om tidleg jordbruk i dei nedre delane av dalen. Dette jordbruket har truleg vorte stadbunde kring overgangen til eldre jarnalder, og det er frå denne perioden at vi kan spore ein nokolunde stadfast kontinuitet fram til gardslandskapet av i dag. Vitnemål om dette er dei talrike gravene som finst på gardane, samt gardsnamn, og i det siste har det vorte gjennomført eit aukande tal arkeologiske undersøkingar som kastar lys over jarnalderen i Verdal. Bronsealderen er mest kjend gjennom gravrøyser og kokegroper. Mellomalderen sine gardar er fortalt om i skriftlege kjelder heilt attende til 1100-talet, som fortel om adel og storgardar i byrjinga av mellomalderen. Verdal har ei rik historie med mange kjende hendingar. Ei av dei mest kjende er Slaget på Stiklestad i 1030, der helgenkongen Olav den Heilage vart drepen. I den Store nordiske krig 1699-1721 gjorde general Carl Gustaf Armfeldt eit innfall gjennom Verdal i 1718 for å ta Trondheim. Angrepet kom aldri, og det vart i ettertid kjent for den syrgjelege utgangen i tilbaketoget. Verdalsraset i 1893 der 112 menneske omkom er den største naturkatastrofen på land i Noreg i nyare tid.

Kultur endre

Verdal har eit aktivt kulturliv, spesielt kjent for sitt amatørteatermiljø som har fostra fleire av dei mest kjende skodespelarane i landet. Olsoktradisjonen knytt til Stiklestad og Olav den Heilage står også sentralt i kulturlivet i kommunen. Vømmølfestivalen vert arrangert kvart år i månadsskiftet mai/juni. I 2008 var det ca. 1800 deltakarar i det store opptoget på laurdagen. Det var ca. 150 køyretøy av alle kategoriar som køyrde i prosesjon gjennom Øragatene.

Kjende verdalingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre