Nicolas Bourbaki var eit pseudonym for ei gruppe franske matematikarar som sidan 1939 har gjeve ut eit samleverk Eléments de mathématique, som til no er kome ut i om lag 40 bind, og som dekkjer fundamenta for store delar av matematikken. Bourbaki har ved framstillingsforma si og oversynet sitt over den samla matematikken hatt ein stor innverknad på den noverande matematikargenerasjonen.

Bourbaki-kongressen i 1938.

Av dei mest kjende personane som skjuler seg bak pseudonymet Bourbaki finn ein mellom andre André Weil, Claude Chevalley, Henri Cartan, Jean Dieudonné, Laurent Schwartz og Jean-Pierre Serre.

Kjelder endre

«Nicolas_Bourbaki» i Store norske leksikon, snl.no.