Opna hovudmenyen

Nicolas Lancret (22. januar 169014. september 1743) var ein fransk målar, fødd og død i Paris. Han er særleg kjend for sine fête galante- og commedia dell'arte-motiv. Verka hans vert rekna til rokokko-stilen.

Nicolas Lancret
Nicolas Lancret.jpg
Fødd 22. januar 1690
Paris
Død

14. september 1743
Paris

Yrke kunstmålar

Liv og gjerningEndra

Lancret arbeidde frå 1708 i atelieret til den akademiske målaren Pierre Dulin. Fire år seinare vart han elev av Claude Gillot. Gjennom seks år hos Gillot utvikla han seg til ein framifrå målar av motiv som stod høgt i kurs i samtida. I 1719 vart han medlem av akademiet i Paris, i 1735 rådsmedlem i same.

Ein adelsfamilie drikk kaffi i hagen, ca 1742

Lancret laga i hovudsak såkalla fêtes galantes. Etter at både Antoine Watteau og Gillot døydde i 1721-22, var Lancret, ved sida av Jean-Baptiste Pater, den leiande målaren i fête galante-sjangeren. Han måla ei mengd bilete av galante festar, åremåls-markeringar og landsby-høgtider. Stilen er mykje lik den Watteau nytta, motiva lånte han ofte frå teatera sine framsyningar med arkadiske gjetar-tablå. Måleria hans er noko turrare utført enn Watteau sine, og mindre livaktige. Lancret hadde heller ikkje same naturkjensla som Watteau. Landskapa hans er konvensjonelle og ofte framstilt i blå-grøne fargetonar. Fargebruken hans er i det heile noko kjøligare enn Watteau sin.

Lancret var ein svært populær målar i samtida. Bileta hans var mykje etterspurde, mellom anna hadde prøyssarkongen Fredrik den store ei større samling verk måla av Lancret. Takk vere hans grundige og nøyaktige attgjevingar har Lancret sine måleri i dag også kulturhistorisk interesse.

Nicolas Lancret døydde av lungebetennelse hausten 1743.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Nicolas Lancret