Commedia dell'arte

Commedia dell'arte er ei tradisjonell italiensk teaterform med faste rolleskikkelsar og komisk handling. Ho oppstod under renessansen1500-talet som ein friare variant av dei skrivne italienske lystspela i samtida, commedia. Ordet betyr «handverkarkomedie», det vil seia ein komedie skapt av handverkarar, eller profesjonelle skodespelarar, til skilnad frå dei meir tekstbaserte teatera til dei lærde amatørane.[1]:166

Historikk endre

 
Tenarane Harlekin og Columbine, to sentrale figurar i tradisjonelle, italienske commedia dell'arte-komediar, framstilt i klassisk drakt og positur under ei framsyning ved Pantomimeteatret i Tivoli i København i 2005.

Teaterforma commedia dell'arte var improvisert i den forstanden at skodespelarane ikkje nytta eit ferdig manuskript. I staden bygde teatergruppene framsyninga rundt kortfatta handlingsreferat, såkalla scenarium, og innlærte standardroller eller typar.[1]:166 Karakterane hadde overtydelege personlegdomstrekk og fungerte som arketypar og karikaturar på ulike samfunnsskikkelsar og -roller, og skodespelarane brukte halvmasker og kostyme som var tilpassa dei enkelte figurane. Framsyningane gjekk som oftast føre seg utandørs, og kunne vera prega av sosial og politisk satire, til stor nøye for publikum.

Komedieskodespelarane var profesjonelle, omreisande utøvarar, der kvar enkelt spesialiserte seg på rolleskikkelsen sin. Det var ikkje uvanleg at truppen bestod av heile familiar, og mange av skodespelarane var multitalent som også kunne sjonglera, spela instrument, synga og så vidare.

Rollefigurar endre

Sentrale typar i commedia dell'arte er tenarrollene, zanni, fyrst og fremst tenarklovnen Harlekin (Arlecchino) og tenestejenta Columbine (Colombina). Andre typar er dei unge elskande Flavio og Isabella, som i motsetnad til dei andre figurane ikkje ber masker. Pantalone er ein gammal venetiansk kjøpmann og gjerrigknark med interesse for unge damer, Il Dottore Balanzone ein professortype og Il Capitano ein gammal offiser. Andre rolleskikkelsar er mellom anna Rosetta, Scaramuccia (Scaramouche) og den vonde klovnen Pulcinella, som er i slekt med den kvitkledde, triste, poetiske og naive Pierrot-skikkelsen og den mannlege figuren i det engelske dokketeaterparet Punch and Judy.

Commedia dell'arte spreidde seg sist på 1500-talet vidare til Frankrike, der stilen mellom anna inspirerte komedieforfattaren Molière. Også norsk-danske Ludvig Holberg var påverka av tradisjonen. Sidan kom folkelege farsar, revyar og varieté-innslag med tydelege trekk frå italiensk komedie. I nyare tid kan ein nemna stumfilmkomediar, teiknefilmfigurane Tom & Jerry og den komiske TV-skikkelsen Mr. Bean, som med den enkle humoren sin, pantomime, slapstick og visuelle påfunn alle bygger på same tradisjon. Den britiske teatertradisjonen Christmas panto har òg røter i commedia dell'arte.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Nygaard, Jon. Teatret før 1750 : det offisielle og det uoffisielle teatret. Teatrets historie i Europa 1 (Oslo: Spillerom). ISBN 8291435014. 
  2. «V&A · The story of pantomime». Victoria and Albert Museum (på engelsk). Henta 22. oktober 2021.