Nicole Duclos (fødd Nicole Salavert15. august 1947) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Périgueux i regionen Aquitaine. Ho vart europameister på 400 meter i 1969.

Nicole Duclos
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. august 1947 (76 år)
Périgueux
Idrett friidrett, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Utmerkingar

L'Équipe Champion of Champions

Duclos sette ny verdsrekord på 400 m med tida 51,72 sekundar då ho i 1969 vart europameister under meisterskapen i Aten. Ho slo landsmannen Colette Besson med to hundredels sekund. På 4x400 m stafett var dei to kvinnene med å sikre ein sølvmedalje til Frankrike. Duclos deltok i sommar-OL 1972 i München, men vart slått ut av 400-meter-tevlinga i semifinalane.

Åra 1969-72 vann Duclos kvart år 400-meteren i den franske friidretts-meisterskapen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre