Nikólas Ganópoulos
Nikólas Ganópoulos (fødd 10. juli 1995 i Véria) er ein gresk songar og låtskrivar.[1]
Nikólas Ganópoulos | |||
Fødd | 10. juli 1995 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Véria i Sentral-Makedonía i Hellas | ||
Fødenamn | Nikólas Ganópoulos, Νικόλας Γανόπουλος | ||
Instrument | Vokal | ||
Verka som | songar |
Eurovision
endreEurovision Junior 2003
endreGanópoulos med songen «Fíli gia pánta» i Eurovision Junior 2003, den greske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2003 i København i Danmark. Songen vart framført på gresk, og vann til slutt tevlinga med 5 009 røyster.[1]
Junior Eurovision Song Contest 2003
endreI den fyrste utgåva av Junior Eurovision Song Contest, Junior Eurovision Song Contest 2003, debuterte Hellas med «Fíli gia pánta», framført på gresk av Nikólas Ganópoulos. Reglane var òg slik at ein måtte skrive songen sjølv. «Fíli gia pánta» av Nikólas Ganópoulos var det fyrste bidraget som vart framført i Junior Eurovision Song Contest, og det fyrste bidraget som vart framført på gresk.[2] Hellas enda på åttandeplass med 53 poeng; tolv frå Kypros, sju frå Kroatia, Noreg og Storbritannia, fem frå Lativa og Romania, tre frå Sverige og eitt frå Kviterussland, Makedonia, Polen, Danmark og Nederland.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «2003» (på engelsk). esckaz.com. Henta 1. mai 2014.
- ↑ «List of languages in the Junior Eurovision Song Contest» (på engelsk). tosiasiat.fi. Henta 1. mai 2014.