Nikita Valerjevitsj Krjukov (fødd 30. mai 1985) er ein russisk langrennsløpar som har spesialisert seg på dei korte øvingane. Han vart olympisk meister i sprint i 2010 og verdsmeister i same i 2013, i 2013 vann han også VM-gullet i lag-sprinten saman med Aleksej Petukhov.

Nikita Krjukov


Verkeleg namn Никита Валерьевич Крюков
Statsborgarskap Russland
Fødd 30. mai 1985 (38 år)
Dzerzjinskij
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Ski-VM 2009, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Venskapsordenen

Karriere endre

Krjukov debuterte i verdscupen i langrenn 25. november 2006, og hans beste individuelle verdscup-plasseringar er seks tredjeplassar i sprintlangrenn i tida desember 2009 til desember 2012.

Saman med Andrej Parfjonov gjekk Krjukov Russland inn til fjerdeplass i lag-sprinten i ski-VM 2009 i Liberec. 17. februar 2010 vann Krjukov langrennssprinten under vinterleikane i Vancouver, landsmannen Aleksandr Panzjinskij sikra russisk dobbeltsiger føre norske Petter Northug på bronseplass. I 2011 gjekk Panzjinskij og Krjukov inn til bronsemedalje på lag-sprinten under verdsmeisterskapen på ski i Holmenkollen og Oslo.

Under VM i Val di Fiemme 2013 vann Krjukov VM-gull både på den individuelle sprinten og på lag-sprinten/sprintstafetten. I sprinten spurtslo han Petter Northug som fekk sølv, medan han på lag-sprinten delte VM-tittelen med Aleksej Petukhov. Krjukov var ankermann på Russlands lag, slik han var i ski-VM 20111.

Kjelder endre