Nils Anker
norsk politikar
Nils Anker (14. juni 1836–1. oktober 1893) var ein norsk trelasthandlar og fabrikkdirektør frå Berg i Østfold. Han var bror til Herman Anker.
Nils Anker | |||
| |||
Fødd | 14. juni 1836 Fredrikshald | ||
---|---|---|---|
Død | 1. oktober 1893 (57 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, trelasthandlar | ||
Far | Peter Martin Anker | ||
Alle verv |
|
Anker var son til ein trelasthandlar, og overtok i 1863 faren si forretning saman med ein bror. Han var direktør (styreleiar) i Saugbrugsforeningen og styremedlem av Dalslandsbana.
Anker representerte Høgre frå Fredrikshald på Stortinget frå 1886 til 1893. 1886-91 var han medlem av budsjettkomiteen, 1892-93 av næringskomite nr 1. Frå 9. juni 1893 var Anker, grunna sjukdom, permittert for resten av sesjonen. Han døydde same hausten på landstaden sin ved Fredrikshald.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Nils Anker NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv