Herman Anker
Herman Anker (fødd 1839 i Halden, død 1896) var ein norsk skulemann som saman med Olaus Arvesen grunnla Sagatun, den første norske folkehøgskolen, på Hamar i 1864. Han var cand.theol. frå 1863 og frå 1885 postmeister i Hamar.
Herman Anker | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juli 1839 Halden kommune |
Død | |
Yrke | lærar |
Far | Peter Martin Anker |
Ektefelle | Marie Elisabeth Anker |
Herman Anker på Commons |
Anker voks opp på Rød herregård som son av stortingsrepresentant Peter Martin Anker (1801–63) og bror av forretningsmannen Christian August Anker. Han var gift med danskfødde Marie Elisabeth «Mix» Bojsen (1843-1892) og vart far til kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller (1868–1945), forfattaren og journalisten Ella Anker (1870–1958), lege Peter Martin Anker (1872–1903) og overingeniør Nils Botvid Anker (1878–1943); og farfar til lege Herman Anker (1901–1970), ambassadør Peter Martin Anker (1903–1977) og tekstilkunstnar Synnøve Anker Aurdal (1908–2000).
Den 15. september 1901 vart det avduka ein bauta til minne om Mix og Herman Anker på framsida av Sagatun folkehøyskole.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Herman Anker» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2015.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: