Nils Børresen

norsk politikar

Nils Elias Børresen (7. desember 181211. april 1863) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Flekkefjord.

Nils Børresen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1812
Død

11. april 1863 (50 år)

Yrke politikar, kjøpmann
Språk norsk

Børresen var son til ein skipsreiar. Sjølv tok han til som kjøpmann i heimbyen Flekkefjord i 1837. Frå 1845 var han medlem av bystyret, og ordførar i «mange aar».

Børresen representerte Flekkefjord på stortinga 1848, 1851, 1854, 1857, Omframtstortinget 1858, og stortinga 1859-60 og 1862-63. Han var i 1848 og 1851 medlem i Justiskomite nr 2, 1851 medlem og sekretær i Lagtinget og medlem i lovkomiteen av 1851. Sidan var han medlem 1854 i Justiskomite nr 1, medlem 1857 og sekretær 1859-60 og 1862-63 i Vegkomiteen.

Børresen levde ugift og døydde i Christiania, medan han var i byen som tingmann.

Kjelder endre