Nils Gudmundsrud

Nils Gudmundsrud (18031883) var den andre ordføraren i Ål etter at formannskapslova vart innført. Nils var kjend både som ein førande bygdepolitikar i tida, og som ein god dansar. Han var og kyrkjesongar i Ål i ei årrekkje.

Nils Gudmundsrud
Fødd 1803
Død 1883
Ektefelle Sigrid Olsdatter Gjeldokk (1800 - 1890)
Barn Lars Nilsson Gudmundsrud Gjeldokk (1828-1909),

Kristi Nilsdatter Gudmundsrud Torsgard ((1830-1883), Ola Nilsson Gudmundsrud (1834-1912), Nils Nilsson Gudmundsrud (1837-1908), Ola Nilsson Gudmundsrud (1839-1940), Gro Nilsdatter Gudmundsrud Skrattegard (1841-1878), Ola Nilsson Gudmundsrud (1844-1933)

Nils var kjend for det overlag gode handskrifta si, og fekk gjennomslag for sakene sine sentralt mellom anna på grunn av dette. Då Ivar Aasen var på veg nedetter Hallingdal, tok han inn hjå Nils.

Dotter av Nils, Gro Gudmundsrud, er og hugsa som god dansar. Ho reiste til Amerika kring 1860. Av etterkomarane hans Nils reknar vi mellom anna spelemennene Nils Gjeldokk og Lars Gjeldokk.

Springaren Nils Gudmundsrud er kalla opp etter han. Slåtten er opphavleg etter Knut Skøro.

Nils sat ordførar i Ål i 1840, 1841, 1844, 1846, åra 1847-49, og att i åra 1856-63.