Opna hovudmenyen

Klokkar er ei kyrkjeleg stilling.[1] Klokkaren skal hjelpe til ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. Klokkaren utfører praktiske oppgåver ved å førebu, gjennomføre og følgje opp gudstenestene. Klokkarstillingane er oftast deltidsstillingar.

Nemninga «klokkar» stammar frå mellomalderen, og viste til den som sørga for ringing med kyrkjeklokkene.[1] Andre nemningar for stillinga har vore «degn»[2] og «kyrkjesongar».[3]

I Den norske kyrkja tenestegjer klokkaren ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, fører kyrkjebøker og tar del i konfirmantførebuing.[1] Reglane for den gudstenestelege funksjonen til ein klokkarer fastsette i Gudstenestebok for Den norske kyrkja. Klokkaren har kyrkjeverja (ev. administrasjonsleiaren) som næraste overordna. Klokkaren har soknepresten som føresett ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Klokkarstillinga kan òg omfatte diakonale funksjonar og kontorarbeid.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «klokker». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  2. «degn» i Bokmålsordboka.
  3. «kyrkjesongar» i Nynorskordboka.