Nils Ketil Andresen

Nils Ketil Andresen (fødd 2. juli 1962) er ein norsk siviløkonom og programdirektør i TV 2. Andresen har arbeidd i fjernsynskanalen heilt sidan han starta opp i 1992. Før han vart programdirektør, var han researchsjef, planleggingssjef, direksjonssekretær og programredaktør. Han byrja karrieren sin som seljar i TVNorge i 1989, der han etter kvart vart planleggingssjef.

Nils Ketil Andresen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1962 (61 år)
Yrke fjernsynsprodusent
Nils Ketil Andresen på Commons

Andresen har også vore produsent for fleire episodar av den svenske spenningsserien Beck, i tillegg til at han har vore medprodusent for eit par kinofilmar, deriblant Ulvenatten (2008).

Utdanninga si har han frå Noregs Handelshøgskule.

Kjelde

endre
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Andresen, Nils Ketil» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)