Nils Christensen Ringnæs

stortingsrepresentant
(Omdirigert frå Nils Kristenssen Ringnes)

Nils Christensen Ringnæs (9. juni 179223. juli 1863) var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Stange i Hedmark. Even Christensen Ringnæs var bror hans.

Nils Christensen Ringnæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juni 1792
Stange kommune
Død

23. juli 1863 (71 år)
Stange kommune

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Far hans var gardbrukar og gardeigar. Sjølv vart han i 1823 kontorist hos sorenskrivaren i søre Hedemarken, to år seinare fullmektig hos amtmannen i Hedemarken. Frå 1830 til 1858 var han lensmann i Stange, og frå 1838 gardbrukar på garden Dælin. Han var medlem av forlikskommisjonen 1850-53, slutta grunna svekka syn.

Ringnæs representerte Hedemarkens amtStortinget i 1842 og 1845. Han var medlem av justiskomiteen på begge tinga. I 1845 vart han medlem av Lagtinget frå 26. mars, men fekk ikkje sete i riksretten då den tiltala skaut han ut.

Han døydde på garden sin i Stange i 1873.

Kjelder endre