Nils Lykke eller Niels Lykke (fødd ca. 1492 i Danmark, døydde på Steinviksholmen i Trondheimsfjorden 24. desember 1535) var ein dansk-norsk adelsmann.

Nils Lykke
Føddca. 1492
Danmark
Død24. desember 1535
Steinvikholmen
LandDanmark
FarJoachim Lykke
Her på Steinvikholmen slott sat Nils Lykke som fange.

Bakgrunn og virke endre

Noreg var på denne tida inne i ei brytningstid både politisk og religiøst. Mange ynskte Noreg frigjord frå unionen med Danmark og Noreg var i ferd med å gå frå ei katolsk tru til læra til Martin Luther.

Nils Lykke kom hit for å få opplysningar om Grev Sture som leia eit åtak mot Danmark frå Sverige. Lykke kom til Austrått og vart der gift med Eline Nilsdatter Gyldenløve i 1528, dotter til Ingerd Ottesdotter Rømer (Fru Inger frå Austrått) og Niels Henriksson Gyldenløve. Eline var den tredje i rekka av fem søstrer. Eline og Nils hadde fleire born saman.

Lykke fekk med kvart god kontakt med erkebiskop Olav Engelbrektsson og det kom godt med da det var ufred mellom erkebiskopen og Fru Inger. Nils Lykke fekk skipa til semje mellom dei to i 1530.

Eline døydde i 1532 og Nils inngjekk eit nytt forhold til Lucie Nilsdotter Gyldenløve, ei yngre søster til Eline og dei fekk eit barn saman. Kjærleik med søstera til si døde hustru vart rekna for blodskam og forbode i katolsk lære. Nils Lykke bad erkebiskopen fleire gonger om dispensasjon til å gifte seg, noko som han sa seg einig i i byrjinga. Saka vart utnytta som ei brikke i maktspelet mellom Fru Inger og svigersonen, adelsmann og riksråd Vincens Lunge, på eine sida og erkebiskopen på hi.

Nils Lykke fekk Storfosen Gods av Fru Inger og budde der i tre år. Her laga han vollar og graver rundt hovudgarden til vern mot åtak. Folk vart pålagd strengt pliktarbeid for å få laga dette. Han tok også med seg sonen han hadde med Lucie hit, men sonen døydde stutt tid etter. Nils Lykke fekk og tak i Tautra kloster på den tida.

Fange på Steinvikholmen slott endre

Vincens Lunge var uven med Nils Lykke og Olav Engelbrektsson såg han som sin fremste rival. Han og andre riksrådar utnytta det tragiske forholdet Nils Lykke hadde til Lucie i kampen om makta.

Vincens Lunge påstod at Nils Lykke vart verna av erkebiskopen og la ansvaret over på han. Erkebiskopen let seg pressa og i juni i 1535 gjekk mennene hans til åtak på Storfosen gods og arresterte Nils Lykke. Fangen vert ført til Steinvikholmen slott og ein rett på 24 menn dømde han til døden. Men fangen kunne ikkje avrettast før Noregs riksråd hadde dømd i saka. I fylje rykta vart Nils Lykke røykt ihel julekvelden i 1535 og vart eit offer i eit kynisk maktspel.

Nils Lykke har roller i skodespelet Fru Inger til Østråt av Henrik Ibsen og operaen Lucie av Edvard Hoem.

Bakgrunnsstoff endre