Nils Nilsson Skaar (1826–1909)

Nils Nilsson Skaar (1. januar 182618. oktober 1909) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Skaar kom frå garden Skåro opp for austsida av Fyksefjorden i Kvam herad i Hordaland. Han var ordførar i heimekommunen i 20 år og sat på stortinget i 15 år.

Nils Nilsson Skaar
Fødd1. januar 1826
Kvam
Død18. oktober 1909 (83 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde

YrkeslivEndra

Skaar dreiv frå han var seksten år gammal med bygningsarbeid, fór i jektefart og var på fiskeri. 1851 kjøpte han garden Botnen i dåverande Vikør herad. Fem år seinare overtok han farsgarden Skåro og dreiv denne til han skøytte han frå seg i 1886. Frå 1884 til 1889 var han fyrvaktar på Lerøy.

StyringsmannEndra

Skår var 1854-61 med i heradstyret i Vikør. Frå 1866 kom han inn att i heradstyret, og vart vald til ordførar. Eit verv han hadde heilt fram til 1885, då han gjekk ut or heradstyret. Han hadde elles mange andre kommunale verv i desse åra. Mellom anna var han 1867-69 med i matrikkelkommisjonen for Nordhordland, og var forlikskommissær for åstadsaker 1880-85. På statleg nivå var han 1884-86 med i kommisjonen som såg på organiseringa av hæren.

StortingsmannEndra

Skaar var suppleant (varamann) til stortinget 1868-69. I 1870 vart han vald inn på Stortinget som tredje representant frå Søndre Bergenhus for perioden 1871-73. Sidan vart han vald til stortingsrepresentant for fylket i alle val, heilt til han før valet hausten 1885 sa frå seg.

Fyrste perioden på Stortinget var han medlem av protokollkomiteen. 1874 sat han i vegkomiteen, resten av si tid (1875-85) var han med i militærkomiteen. 1883-84 var han medlem av riksretten som dømde statsministeren frå embetet.

Skaar døydde i Norheimsund i Kvam. Han var far til Nils Nilsson Skaar og bror av Gjermund og Johannes Nilsson Skaar.

KjelderEndra