Nils O. Golten

norsk politikar

Nils Olavsson Golten (11. mai 193626. mars 1999) var ein norsk fiskar og politikar frå Sund i Hordaland. Han representerte partiet Høgre og Hordaland fylke på Stortinget i tida 1985-93.

Nils O. Golten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mai 1936
Død

26. mars 1999 (62 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Golten gjekk i ungdomsåra både Voss folkehøgskule, fiskarfagskule og handelsskule. Han byrja tidleg i fiskaryrket, og vart skipper på fiskebåt i ganske ung alder. Golten vart verande i yrket til han i 1985 fekk stortingsmandat.

I 1971 vart Golten vald til styremedlem i Norges Fiskarlag, eit verv han hadde i femten år. Åra 1976-83 var han medlem av hovudstyret for Statens fiskarbank. Samstundes fekk han plass i fleire offentlege utval: Han var 1980-89 medlem i Konsesjonsutvalet, eit utval som vurderte behovet for innføring av nye konsesjonsordninga i fiskeria, vidare var han frå 1983 medlem i Konsesjonsutvalet for Sjøfartsdirektoratet, og frå 1984 medlem i Sikkerhetsutvalget for fiskeflåten.

Gjennom tolv år, frå 1972 til 1983, var Golten medlem av Sund kommunestyre. Perioden 1981-85 møtte han på Stortinget nokre få veker, då han var vararepresentant for Høgre og Hordaland fylke. Frå 1985 hadde han fast tingplass frå same valkrinsen, og vart attvald for ein ny periode i 1989. Alle åtte åra frå 1985 var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen..

Frå han forlet Stortinget i 1993, jobba Golten som kvalitetssjef ved Sotra Fiskeindustri a/s.

Kjelder endre

Stortingsbiografi