Nils Peter Bernhard Hjelmberg
Nils Peter Bernhard Hjelmberg (3. januar 1923–8. august 1946) var ein dansk statsborgar, fødd i København, som arbeidde for tysk politi i Noreg under den andre verdskrigen.
Nils Peter Bernhard Hjelmberg | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 3. januar 1923 |
Død | |
Yrke | politibetjent |
Hjelmberg kom til Noreg i oktober 1942 som kontormann ved det tyske sikkerheitspolitiet i Bergen. I januar 1944 vart han overført til Gestapo, avdeling IV E som tolk og hjelpepolitimann, og han stod i stillinga til kapitulasjonen. Han vart dømd til livsvarig fengsel for krigsbrotsverk i Gulating lagmannsrett 18. mars 1946. Høgsterett dømde han 4. juli 1946 til døden, og han vart avretta på Sverresborg i Bergen 8. august 1946.