Nils Pukstad
Nils Nilsson Pukstad (14. juli 1846–6. august 1890) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Stadsbygd i Sør-Trøndelag.
Nils Pukstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1846 Stadsbygd kommune |
Død | |
Yrke | politikar, bonde, underoffiser, banksjef |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Nils Pukstad på Commons |
Pukstad var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han underoffisersskulen i Trondheim. Han tok eksamen 1868 og var sersjant 1870, kommandersersjant 1885. Han kjøpte garden Blekstad i heimbygda i 1875 og dreiv denne til han kjøpte ein annan gard, Ruberg, i 1889. Han fekk skipa sparebank for Stadsbygd, der han var styreformann til han døydde.
Pukstad var 4. representant frå Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1889-91. Han var medlem av Lagtinget og militærkomiteen.
Han døydde i Kristiania i 1890.
Kjeldre
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914