Nils Torvalds

Nils Ole Hilmer Torvalds (fødd 7. august 1945) er ein finsk journalist og politikar som sidan 2012 har vore europaparlamentsmedlem for Svenska folkpartiet i Finland.

Nils Torvalds
Nils Torvalds MEP, Strasbourg - Diliff.jpg
Fødd 7. august 1945 (75 år)
Ekenäs
Yrke politikar, journalist
Nils Torvalds på Commons

Torvalds er finlandssvensk og har arbeidd med svenskspråkleg radio og fjernsyn i Finland. Torvalds har sidan 2001 arbeidd som reporter for Den finske kringkastinga (YLE) i Washington D.C.. Før han flytta til USA hadde han Russland som arbeidsfelt. Under studietida var han aktiv i kommunistpartiet og studerte mellom anna i Moskva eit år på 1970-talet. I mai 2006 melde Nils Torvalds seg inn i Svenska Folkpartiet i Helsingfors. Sommaren 2007 gjekk det ein debatt i Hufvudstadsbladet om korleis tidlegare moskvakommunistar (i dette tilfellet Torvalds) går inn i andre parti.

Nils Thorvalds er son til diktaren Ole Torvalds og far til programmeraren og grunnleggjaren av Linux, Linus Torvalds.

BakgrunnsstoffEndra