Nina Braaten Johnsen

Nina Braaten Johnsen (fødd 13. november 1969) er ein norsk sprangryttar på internasjonalt nivå. Ho vann både lag-gull og individuelt gull i Nordisk Meisterskap i 1998 og bronse i VM for hingstar (Sire of the World) i 2002. Braaten Johnsen tok 8. plass i verdscupen i Dortmund i 2003 og siger i Norway Grand Prix i 2006. Ein viktig hest i Nina Braaten Johnsen si karriere er hingsten Favoritas, som mellom anna er kåra i det tyske holsteinar-forbundet. Favoritas vart også kåra som norsk varmblods ridehest i februar 2008 med 1. premie.[1]

Nina Braaten Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1969 (54 år)

Braaten Johnsen trente topphesten Blue Loyd 12 i fem år frå hesten var seks år, og gjorde stor suksess med hesten både nasjonalt og internasjonalt. Blue Loyd 12 vart seld til Irland seint i 2011. Under OL i London i 2012 tok irske Cian O`Connor bronse på Blue Loyd 12, og skal ha uttalt at hesten er den beste han nokon gong har ridd.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. desember 2011, henta 11. august 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. august 2012, henta 11. august 2012