Nintendo Classic Mini: Nintendo Entertainment System

Nintendo Classic Mini: Nintendo Entertainment System[a], også kjend som NES mini eller NES Classic i daglegtalen, er ein dedikert spelkonsoll utgjeven av Nintendo som emulerer Nintendo Entertainment System. Konsollen vart utgjeven den 10. november 2016 i Japan og Australia, og den 11. november 2016 i Europa og Nord-Amerika. Estetisk er han ein liten replika av NES-konsollen, med 30 NES-spel installert og med støtte for lagring av framgangen i alle spela. [1]

Nintendo Classic Mini-konsoll med handkontroll
Japansk utgåve av konsollen

Nintendo produserte og selte omkring 2,3 millionar NES Classic Mini-konsollar mellom november 2016 og april 2017, der kvar av leveransane straks vart utselde. I april 2017 annonserte Nintendo at dei ville avvikle salet av produktet, som førte til forvirring hjå forbrukarar og tilfelle der private seljarar selde konsollen til ein sterkt auka pris. På grunn av etterspurnaden av NES Classic, og suksessen til oppfølgjaren Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System, starta Nintendo produksjonen av NES Classic opp att den 20. juni 2018.[2] Produksjonen vart avvikla att i desember 2018.[3]

Installerte spel endre

Games NA/PAL Japan
Atlantis no Nazo    
Balloon Fight    
Bubble Bobble    
Castlevania    
Castlevania II: Simon's Quest    
Donkey Kong    
Donkey Kong Jr.    
Double Dragon II: The Revenge    
Dr. Mario    
Downtown Nekketsu Kōshinkyoku: Soreyuke Daiundōkai    
Excitebike    
Final Fantasy    
Final Fantasy III    
Galaga    
Ghosts 'n Goblins    
Gradius    
Ice Climber    
Kid Icarus    
Kirby's Adventure    
The Legend of Zelda    
Mario Bros.    
Mega Man 2    
Metroid    
NES Open Tournament Golf    
Ninja Gaiden    
Pac-Man    
Punch-Out!! Featuring Mr. Dream    
River City Ransom    
Solomon's Key    
StarTropics    
Super Contra    
Super Mario Bros.    
Super Mario Bros. 2/USA    
Super Mario Bros. 3    
Tecmo Bowl    
Tsuppari Ōzumō    
Yie Ar Kung-Fu    
Zelda II: The Adventure of Link    

Merknader endre

  1. Kjend i Japan som Nintendo Classic Mini: Family Computer (Japansk: ニンテンドークラシックミニ ファミリーコンピュータ) og i Nord-Amerika som Nintendo Entertainment System: NES Classic Edition

Kjelder endre

  1. «Nintendo Classic Mini byr på et fint gjensyn, men én ting ødelegger litt». Gamer.no. 17. november 2016. Henta 15. oktober 2020. 
  2. «Nintendo Classic Mini vender tilbake i juni». Gamer.no. 14. mai 2018. Henta 15. oktober 2020. 
  3. «Nintendo kommer ikke til å lage flere miniversjoner av NES og Super Nintendo». Gamer.no. 15. desember 2018. Henta 15. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff endre