Super Mario Bros.
Super Mario Bros. er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Nintendo Entertainment System. Det vart gjeve ut i Japan september 1985, i Nord-Amerika 1986 og i Europa mai 1987. Spelet handlar om røyrleggjarane Mario og Luigi skal frigjere prinsesse Toadstool som er blitt bortført av Bowser.
Super Mario Bros. | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Shigeru Miyamoto |
Design(ar) | Shigeru Miyamoto, Hiroshi Yamauchi, Takashi Tezuka (designarar) Kōji Kondō (komponist) |
Komponist(ar) | Koji Kondo |
Serie | Super Mario |
Plattform(er) | NES, Game & Watch, GBA, Virtual Console |
Utgjeving | JP: September 1985 NA: 1986 EU: Mai 1987 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Aldersgrense | PEGI: 3+ ESRB: E |
Super Mario Bros. er blitt omlaga eller gjeve ut på nytt på fleire plattformer. Det er mellom anna inkludert i samlinga Super Mario All-Stars på SNES, er blitt overført til Game Boy Advance som ein del av NES-classics-serien, og er tilgjengeleg som ei nedlasting frå Virtual Console på Wii.
OppsettEndra
I Super Mario Bros. styrer spelaren Mario, og eventuelt Luigi om det er to spelarar. Målet er å kome seg gjennom Sopperiket (en: Mushroom Kingdom) utan å bli treft av undersåttane til hovudfienden, Bowser, for å berge prinsesse Toadstool. Totalt er dei åtte verder, med fire nivå i kvar av dei. Spelaren får nokre liv for kvar omgang, og ein mistar desse ved å koma borti fiendar, dette ned i hòl eller om tida for nivået går ut. Spelet er over om ein går tom for liv.
Mario kan hoppa på fiendar for å åta dei, og dette har ofte ulike effektar på dei mange typane fiendar; nokre vil umiddelbart bli nedkjempa, andre vil berre forandre form. Gjennom spelet vil Mario koma over utstyr som kan gjere han sterkare. Mario kan gjere seg større med å plukke opp soppar. Desse gjer at han toler meir og kan knuse brune blokker. Han kan også plukke opp Eld-blomar som lèt han skyte små eldkuler mot fiendane. Om Mario finn ei glødande stjerne kan han gjere seg usårleg mot dei fleste hinder i eit kortvarig tidsrom.
KjelderEndra
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
BakgrunnsstoffEndra
- Super Mario Bros. hjå Nintendo.no