Mario Bros.
Mario Bros. (マリオブラザーズ ) er eit arkadespel utvikla og publisert av Nintendo i 1983. Spelet handlar om Mario, «tidlegare» kjent som Jumpman i Donkey Kong frå 1981. Mario Bros. har nyleg vore inkludert i Super Mario Advance-spela som eit minispel, og har blitt gjeve ut på Virtual Console for Wii.
Mario Bros. | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo R&D1 |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Distributør | Nintendo eShop |
Design(ar) | Shigeru Miyamoto |
Serie | Mario |
Plattform(ar) | Game Boy Advance, Atari 2600, Atari 5200, Atari 7800, ZX Spectrum, Nintendo Entertainment System, Commodore 64, Amstrad CPC |
Utgjeving | 1983 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Stødde einingar | Styrestikke, knappar |
Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/n08/mariobros/index.html |
Oppsett Endra
I Mario Bros. kan ein spela ein av to røyrleggjarar, Mario og Luigi, som er i eit avlaupssystem for å få bukt ned på mengda skapnader som er der. Desse skapnadene kjem ut av røyrer, og hovudoppgåva i spelet er å nedkjempe alle desse skadedyra i kvart nivå. For å kunne få has på eit skadedyr må røyrleggjaren først slå det på ryggen ved å treffe underlaget fienden går på frå undersida eller bruka POW-blokker. Så kan han sparka fienden ut av skjermen. Om fienden klarer å reisa seg opp før ein rekkjer å sparka han, vil han endra farge og få auka fart.
Bakgrunnsstoff Endra
- Mario Bros. Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. hjå Nintendo.no