Nissedal prestegard

59°09′40″N 8°30′22″E / 59.1610871535°N 8.5060669041°E / 59.1610871535; 8.5060669041

Nissedal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Nissedal prestegard er ein gamal prestebustad som ligg like ved Nissedal kyrkje.

På prestegardstunet står fem freda bygningar: hovudbygning, drengestove, driftsbygning, vognskjul og stabbur. Stabburet, frå 1300-talet, er eldst. Dei andre bygningane ber preg av 1800-talet. Drengestova har tidlegare vore forpaktarbustad og vart bygd omkring 1850, medan det om lag jamgamle vognskjulet vert nytta som garasje. Nøyaktig alder på driftsbygningen er ukjend.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nissedal prestegard
  Denne Telemarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.