Nizip er eit distrikt i provinsen Gaziantep søraust i Tyrkia. Byen har 96 229 innbyggjarar (2010). Han ligg 45 km nord for byen Gaziantep, 95 km frå Şanlıurfa (Edessa), og 35 km frå Karkamış. Han ligg ganske nær ruinane av dei romerske byane Zeugma og Rumkale. Byen vert ofte forveksla med Nusaybin fordi begge byane hadde liknande namn i antikken, Nisibis og Nisibin.

Nizip
by
Land  Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Gaziantep
Koordinatar 37°1′N 37°46′E / 37.017°N 37.767°E / 37.017; 37.767
Areal 1 046 km²
Folketal 96 229
Folketettleik 92 / km²
Borgarmeister Hacı Fevzi Akdoğan
Kart
Nizip
37°00′37″N 37°47′55″E / 37.0104°N 37.798523055556°E / 37.0104; 37.798523055556
Kart som viser Nizip.
Kart som viser Nizip.
Kart som viser Nizip.
Wikimedia Commons: Nizip
Nettstad: www.nizip.bel.tr

I 1839 gjekk Det osmanske riket og Egypt, som då vart styrt av Muhammad Ali av Egypt (elles kjend som Muhammad Ali Pasja), til krig på landsbygda ved Nizip den 24. juni. På grunn av dette vart krigen kalla slaget ved Nezib.

Kjelder

endre