Şanlıurfa
Şanlıurfa, ofte berre kalla Urfa til dagleg (kurdisk Riha, arabisk الرها al-Ruhā, gammalsyrisk ܐܘܪܗ Urhoy, armensk Ուռհա Owr'ha), i antikken Edessa, er ein by søraust i Tyrkia med kring ein halv million innbyggjarar. Han er administrasjonsstad for provinsen Şanlıurfa. Han er ein by med hovudsakleg arabisk, kurdisk og turkmensk folkesetnad. Urfa ligg på ei stor, open slette, kring 80 km aust for elva Eufrat.
Şanlıurfa | |||
by | |||
Moskeen bygd på staden der ein trur profeten Abraham vart fødd.
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-Anatolia | ||
Provins | Şanlıurfa | ||
Høgd | 518 moh. | ||
Koordinatar | 37°09′N 38°48′E / 37.150°N 38.800°E | ||
Areal | 3 668,76 km² | ||
Folketal | 498 111 [1] | ||
Borgarmeister | Ahmet Eşref Fakıbaba | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 63x xx | ||
Retningsnummer | 0414 | ||
Şanlıurfa 37°09′30″N 38°47′30″E / 37.158333333333°N 38.791666666667°E | |||
Kart som viser Şanlıurfa.
| |||
Wikimedia Commons: Şanlıurfa | |||
Nettstad: http://www.sanliurfa.bel.tr/ |
Byen er eit vegknutepunkt og eit handelssenter i eit fruktbart jordbruksdistrikt. Urfa har ruiner av Edessa frå oldtida, som 137 f.Kr.–216 e.Kr. var hovudstad i kongeriket Osroene og som seinare vart eit senter for dei syriske kristne. I 1097–1144 var byen hovudstad i eit krossfararrike. Byen vart tyrkisk i 1637. I 1895 vart det gjennomført fleire store massakrar mot kristne armenarar i Urfa.
Klima
endreŞanlıurfa har eit halvtørt klima. Şanlıurfa er sær varm om sommaren. Temperaturane på høgda når vanlegvis opp mot 41,5 °C. Det er nesten heilt tørt om sommaren, medan vintrane er kjølige og våte. Våren og hausten er mild og våt.
Vêrdata for Şanlıurfa | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 10,1 | 11,9 | 16,7 | 22,3 | 28,8 | 34,8 | 38,8 | 38,3 | 33,9 | 27 | 18,4 | 11,9 | 24,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 2,3 | 3 | 6,3 | 10,7 | 15,8 | 21 | 24,5 | 24 | 20,2 | 15 | 8,3 | 4 | 12,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 73 | 69,1 | 65 | 47 | 25,4 | 4,5 | 2,7 | 4,6 | 5,4 | 25,6 | 47 | 72,9 | 442,2 |
Gns. luftfukt (%) | 74 | 72 | 61 | 51 | 43 | 27 | 22 | 24 | 28 | 43 | 57 | 72 | 48 |
Gns. solskinstimar i månaden | 127,1 | 137,2 | 195,3 | 228 | 310 | 363 | 378,2 | 350,3 | 300 | 238,7 | 174 | 124 | 2 925,8 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]Weatherbase[3] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Şanlıurfa» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Şanlıurfa styresmakter Arkivert 2020-10-02 ved Wayback Machine.