Opna hovudmenyen
No Self Control
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Peter Gabriel
B-side «Lead A Normal Life»
Utgjeve 1980
Innspelt 1979
Sjanger Eksperimentell rock, hardrock
Lengd 3:55
Selskap Charisma Records
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Steve Lillywhite
Peter Gabriel-kronologi
«I Don't Remember»
(1980)
No Self Control «Biko»
(1980)


«No Self Control» er ein song skriven og framført av den britiske musikaren Peter Gabriel.[1] Som med dei andre songane på albumet er teksten særs mørk og kan tolkast som at han anten handlar om intens grådigheit eller begjær, eller mental ustabilitet og forfall av psyken. Som på den førre songen på albumet, «Intruder» er det ein xylofonsolo på songen.

Med på songen spelar Robert Fripp gitar, Phil Collins trommer og Kate Bush syng korvokal.

Før songen vart spelt inn for albumet Peter Gabriel i 1980, vart han framført på konsertar av Gabriel under arbeidstittelen «I don't know how to stop».

Det vart laga ein musikkvideo til songen i 1980.

7" britisk singel (1980)Endra

  1. «No Self Control» - (3:47)
  2. «Lead A Normal Life» - (4:10)

KjelderEndra

  1. «Peter Gabriel's Secret World». Henta 25. oktober 2012.