Opna hovudmenyen

John Giblin (fødd 26. februar 1952) er ein skotsk bassgitarist og internasjonalt anerkjend studiomusikar.

John Giblin
John Giblin.jpg
Fødd 26. februar 1952
Lanarkshire
Yrke bassist, gitarist
John Giblin på Commons

Giblin er kjend for å vere allsidig og spelar mange forskjellige stilar. Han spelar òg kontrabass.

Sjølv om han er mest kjend som studiomusikar har Giblin òg vore nært knytt til enkelte band og artistar. Han vart først kjend som den andre bassgitaristen for jazzrockgruppa Brand X, og spelte på dei to siste albuma deira, Product i 1979 og Do They Hurt? i 1980 (i lag med Percy Jones). Han har òg samarbeidd mykje med John Martyn, Simple Minds, Kate Bush og Peter Gabriel (og var medlem av konsertbandet til Gabriel kring 1980).

SamarbeidEndra

KjelderEndra

  1. Offisiell side

BakgrunnsstoffEndra