Noginsk
Noginsk (russisk Ногинск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km aust for Moskva.
Noginsk Ногинск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||
Første nemnt i Bystatus |
1389 1781 | ||
Borgarmeister | Vladimir Laptev | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
52,09 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
116 277 2 232,2 /km² | ||
Koordinatar | 55°51′0″N 38°26′24″E / 55.85000°N 38.44000°E | ||
Høgd over havet | 150 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 142400 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)49651 | ||
Nettstad: www.noginsk.ru |
Byen vart første gong nemnt i 1389 som Rogozji. Han vart seinare nemnt med namnet Bogorodsk i eit dekret frå Katarina den store frå rundt 1781. Han fekk namnet Noginsk i 1930, kalla opp etter den kommunistiske tekstilmannen Viktor Nogin. Enkelte selskap i byen, som til dømes Bogorodsk Bryggeri[1] og Bogorodskavtotrans (lokalt transportselskap), nyttar framleis namnet Bogorodsk.
Gjennom hele 1800-talet og ein stor del av 1900-talet var byen eit stort tekstilsenter, som handsama bomull, silke og ull. Industriproduksjon i byen i dag er konsentrert om keramiske material (to større selskap), matvarer (ein fiskefabrikk), drikkevarer (ein av dei største største produsent av leskedrikkar i Russland ligg nær Noginsk) og byggematerial.
Noginsk er eit transportknutepunkt og ligg ved knutepunktet mellom motorvegen til Nizjnij Novgorod (M7/E22) og ein av ringvegane til Moskva. Bygginga av ein ny bompengefinansiert motorveg inn mot Moskva er no i gang. Den nye vegen vil gå sør for den noverande, mellom Nizjnij Novgorod-vegen og Nosovikhinskoje-vegen og vil gje ei estimert reisetid til Moskva på 20 minutt.[2]
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Noginsk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bogorodskaja Pivovarnja (på russisk)
- ↑ Ny Noginsk motorveg (på russisk), arkivert frå originalen 31. desember 2007, henta 7. januar 2009