Nogvafjorden
Nogvafjorden er ein fjord i Haram kommune på Sunnmøre. Han ligg mellom Flemsøya/Skuløya i sørvest og øya Fjørtoft i nordaust. Fjorden strekkjer 5,5 km søraustover frå Norskehavet og inn mot Harøyfjorden.
Fjorden har innløp mellom Kjeholmen i vest og Fjørtoftneset i aust og enda mellom neset Nogva, som fjorden er kalla opp etter, i sørvest og Fuglevika i nordaust. Han er om lag 2,5 km brei og på det djupaste 119 m.