Non mi avete fatto niente

«Non mi avete fatto niente» (norsk omsetjing 'de gjorde ikkje noko mot meg') er ein italiensk popsong framført av dei italienske songarane Ermal Meta og Fabrizio Moro. Songen vart sloppen for digital nedlastning 7. februar 2018 og vann Sanremo-festivalen same året. Songen var det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.

Bakgrunn

endre

Songen vart skriven av Meta og Moro saman med låtskrivaren og artisten Andrea Febo.[1] Teksta tek for seg krigar rundt om i verda og terrorangrep i Europa og Midtausten; blant anna vert byane London, Paris, Nice, Kairo og Barcelona trekt fram i teksta. Songen vart skriven like etter terrorangrepet i Manchester 22. mai 2017.

«Non mi avete fatto niente» er hovudsporet på Ermal Meta sitt album Non abbiamo armi, og Fabrizio Moro sitt album Parole rumori e anni. I februar 2018 deltok låten i den italienske songfestivalen Sanremo, og vann finalen laurdag 10. februar. Songen var det italienske bidraget i Eurovision Song Contest laurdag 12. mai 2018, der han ende på ein femteplass.[2][3]

Refrenget er inspirert av ein song skriven av Febo, «Silenzio» ('Stille'), som deltok i nykomar-klassa av Sanremo-festivalen 2016. «Silenzio» vart framført av Ambra Calvani og Gabriele Dei Pascali.[4]

Listeplasseringar

endre
Liste (2018) Høyesteplassering

  2
 [5] 16

Referansar

endre
  1. Laffranchi, Andrea. «Sanremo 2018, Meta e Moro: «Una canzone contro la paura nata dopo l’attentato di Manchester»». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 14. februar 2018. 
  2. «Ermal Meta & Fabrizio Moro win Sanremo 2018 in Italy». Eurovision.tv. 
  3. «Italy – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. 
  4. «Sanremo 2018, Meta-Moro e il rischio squalifica. La replica: "La canzone rispetta il regolamento"» (på italiensk). La Repubblica. 7. februar 2018. Henta 11. februar 2018. 
  5. «Ermal Meta & Fabrizio Moro - Non mi avete fatto niente - hitparade.ch». hitparade.ch.