Nora i Sverige
59°31′00″N 15°02′00″E / 59.51667°N 15.03333°E
Nora er ein svensk by og centralort i Nora kommun i Örebro län i landskapet Västmanland. I 2011 hadde byen 6 526 innbyggjarar.
Nora fekk bystatus i 1643. Byen ligg på vestsida av Norasjön, 30 km nordvest for Örebro. Nora er ein bruksstad som ekspanderte på 1600- og 1700-talet. Ein kan framleis sjå spor etter bruksperioden i ein godt bevart gammal trehusbusetnad. Det finst òg museum som syner perioden, og eit jernbanemuseum. Næringslivet i dag er dominert av småindustri.