Nord-Rana
tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg
Nord-Rana er ein tidlegare kommune i Nordland fylke, del av Mo formannskapsdistrikt frå 1837.
Nord-Rana vart skild ut som eigen kommune frå Mo den 1. januar 1923.
Den 1. januar 1964 vart kommunane Nord- og Sør-Rana og Mo med tillegg av eit område frå Nesna kommune slegne saman til den nye Rana kommune. Nord-Rana hadde ved samanslåinga 11 636 innbyggjarar.
Namnet Nord-Rana vert òg nytta om den inste delen (frå Hemnesberget til Mo i Rana) av Ranfjorden.