Nordenskiöld Land nasjonalpark

nasjonalpark på Svalbard, Noreg

Nordenskiöld Land nasjonalpark er ein nasjonalparkSvalbard, utlagt ved forskrift 26. september 2003 med heimel i lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (svalbardmiljølova).

Nordenskiöld Land nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Område Svalbard
Del av Van Mijenfjorden nasjonalpark
Areal 1 362 km²
 •  land 1 207 km²
 •  vatn 155 km²
Oppretta 26. september 2003
Kart
Nordenskiöld Land nasjonalpark
77°52′00″N 15°19′00″E / 77.866667°N 15.316667°E / 77.866667; 15.316667
Wikimedia Commons: Nordenskiöld Land National Park

Nasjonalparken omfattar Nordenskiöldkysten, Reindalen med sidedalar og mellomliggande kyst og dalar. Sjøarealet i Kaldbukta og i Fridtjovhamna, og ut til ei nautisk mil frå land ved lågvasslinja på strekninga Steinneset til Båtodden inngår i nasjonalparken. Han har eit landareal på 1207 km² og eit marint areal på 155 km².

Formålet med fredinga er mellom anna å ta vare på store areal med samanhengande og frodig vegetasjon og interessant moseflora, under dette òg Reindalen; det største av de isfrie dalføra på Spitsbergen.


Lenkje til kart og informasjon

endre