Nordisk råd
(Omdirigert frå Nordisk Råd)
Nordisk råd er eit samarbeidsorgan for dei nordiske landa som blei danna i 1952. Dei som sit i rådet er folkerepresentantar frå parlamenta i dei ulike landa. Noreg, Sverige, Danmark og Finland har 20 medlem kvar, dei danske sjølvstyrde områda Færøyane og Grønland har 2 representanter kvar, og Island har 7. Nordisk råd har allmøte ein gong kvart år, om hausten. Sekretariatet sit til vanleg i København. I tillegg til allmennmøtet har parlamentarikarane temamøte.
Nordisk råd | |
![]() | |
Type | Internasjonal organisasjon |
---|---|
Skipa | 1952 |
Hovudkontor | København |
Verkeområde | Norden |
Tilsette | 300 ![]() |
Medlemmer | Danmark Finland Island Norge Sverige |
Nettstad | www |
Nordisk råd deler kvart år ut ein litteraturpris. I tillegg har Nordisk råds filmpris vorte delt ut av rådet åtte gonger sidan 2002.
I 1971 blei Nordisk ministerråd danna. Dette er eit samarbeidsorgan for regjeringane i dei nordiske landa.
Medlemsland Endra
- Noreg (20 representanter)
- Sverige (20 representanter)
- Danmark (20 representanter)
- Finland (20 representanter)
- Island (7 representanter)
Sjølvstyrde område: