Opna hovudmenyen

Nordnes Idrettslag (NIL) er eit idrettslag som held til på Nordnes i Bergen. NIL vart stifta 14. juni 1945 som ei samanslutning av fire idrettsklubbar i bydelen. Klubbane som danna laget var: Sportsklubben Argus, Sportsklubben Tempo, Nordnæs Idrættslag og Nordnes Arbeideridrettslag. Fotball og handball har alltid vore laget sine hovudidrettar, men i periodar har òg andre idrettar stått på programmet, mellom anna symjing, orientering, friidrett, ski og bordtennis.

På fotballsida hadde Nordnes hatt ein gullperiode tidleg i 1950-åra, då A-laget (menn) klatra oppover i seriesystemet og i sesongen 1952/53 rykte opp i Hovedserien 1953–54. Dei nådde òg sterke resultat i cupen. A-laget rykte ned etter ein sesong og har sidan halde seg i lågare divisjonar. Dei seinare åra har 4. og 5. divisjon vore A-lagets tilhaldsstad. Tidleg på 80-talet hadde laget for fyrste gong jentelag med i den aldersbestemde fotballen, og frå slutten av 80-åra har det jamt vore jentelag i dei aldersbestemde klassane. NIL har aldri hatt A-lag for damer i fotball.

Gjennom sine 62 år har NIL stått for ei lang rekkje ulike tilstellingar. Mellom anna vart Nordnesstafetten, med springing i gatene og symjing i Byfjorden skipa til i fleire år. Frå 1993 har idrettslaget skipa til NIL-cup for dei aller yngste fotballrekruttane på Nordnesbana. Dette har vorte eit populært tilbod, og cupen nådde ein topp med ca. 45 deltakarlag. Dette har sidan vore cupens storleik.

Ei stifting danna etter tiltak frå NIL fekk byggja ein idrettshall i Nordnesvegen. Eit betydeleg tilskot frå Trond Mohn var avgjerande for realiseringa av prosjektet. Hallen opna sommaren 2001. Hallen vert nytta av både handballaga og fotballaga. I tillegg til hallen nyttar NIL Nordnesbana til sjuarlaga i fotball, og bana på Møhlenpris til elvarlaga i fotball.

Nordnes idrettslag hadde i 2009 om lag 530 medlemar.

KjelderEndra