Nordpolhotellet er eit nedlagt hotell i Ny-ÅlesundSvalbard og er eigd av Kings Bay AS. Hotellet opna i 1936 på grunn av auka turisttrafikk i området i ei bygning som blei reist som bustadbrakke i 1919. Hotellet stengde tre år seinare, same år som utbrotet av andre verdskrigen. Hotellet blei etter andre verdskrigen brukt som messe for gruvearbeidarane. Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) tok opp att drifta av hotellet i sommarsesongen 1965, men etter 1966-sesongen blei drifta lagd ned på grunn av tap. Bygget fungerer i dag som forlegning for besøkjande forskarar, men har av historiske årsaker behalde namnet «Nordpolhotellet»

Nordpolhotellet

Nordpolhotellet
Foto: Andrew Shiva
Kart
Nordpolhotellet
78°55′28″N 11°55′40″E / 78.92455°N 11.92768°E / 78.92455; 11.92768

Bygget blei pussa opp for 6,5 millionar kroner i 1998 og blei opna i 15. august same år av kulturminister Anne Enger Lahnstein.[1][2]

Kjelder

endre
  1. «Ny-Ålesund Newsletter» (på engelsk). NySMAC. mai 1998. Henta 5. mars 2008. 
  2. «St.meld. nr. 22 (2001-2002)». Nærings- og handelsdepartementet. Henta 5. mars 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre