Nordre Fjell Allianse IL
Nordre Fjell Allianse Idrettslag held til på Ågotnes, nord på Sotra. Idrettslaget vart skipa 15. desember 1981. Idrettslaget driv med fotball, handball, friidrett og idrettsskule for born. I 2011 er John Egil Sørensen leiar for allianseidrettslaget, Kari Dahl leiar for handballstyret, og Oddvar Monslaup leiar for fotballstyret.
Førstelaget til Nordre Fjell Fotball har spela i 5. divisjon dei siste åra. Laget enda på tredjeplass i 2010, på fjerdeplass i 2011 og på andreplass i 2012. Andreplassen medfører at laget rykkar opp og skal spela i 4. divisjon i 2013. I 2012 var Frode Misje hovudtrenar for førstelaget. Andrelaget spelar i 6. divisjon.
11. mai 2007 vart den nye kunstgrasbana til Nordre Fjell offisielt opna. Denne bana er, tilliks med naturgrasbana/friidrettsbana på Ågotnes, eigd av Fjell kommune. Kunstgrasbana vart bygd på grunn av Nordre Fjell si store rekruttering dei siste åra, og med stor dugnadsinnsats frå unge og vaksne klubbmedlemmar. I tillegg har klubben grusbane. Handballaget held hus i Ågotneshallen. Per januar 2010 hadde klubben 667 medlemmar, fordelt slik på gruppe: Fotball 417, Handball 107, Friidrett 61, Idrettsskole 51, Ingen idrett 31.