Nordværnes
Nordværnes eller Nord-Værnes[1] er ei bygd på sørsida av Tjongsfjorden i Rødøy kommune i Nordland. Bygda ligg ved ein sideveg til Fylkesveg 17, nemleg Fylkesveg 440 og får vitjing av Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kvar dag. Det bur ikkje så mange fastbuande her, og bygda har ikkje eigen skule eller barnehage. Men båtverkstadene Rødøy Slip og Marina AS og Heen-Bygg held til her, og her finst ei samling av båtmotorar i bygda.
Nordværnes | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rødøy | ||
Postnummer | 8188 NORDVÆRNES | ||
Preposisjon | på Nordværnes | ||
Ferdselsårer | Fv440 i Nordland, Nordlandsekspressen | ||
Nordværnes 66°40′00″N 13°15′00″E / 66.66666667°N 13.25°E |
Feriehuset Villa Midnattsol, som vert drive av eit gardbrukarpar, ligg òg på Nordvernes.
Kjelder
endre- ↑ «Nordværnes». Faktaark / Kartverket. Henta 1. juni 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettsidene til Villa Midnattsol
- Rødøy Slip og Marina si side på internettopplysningen.no
- Heen-Bygg på same nettside.
- Wikipedia på bokmål om Rødøy kommune.
- Vêrvarsel for Nordvernes på yr.no Arkivert 2016-03-26 ved Wayback Machine.