Noregs musikkhøgskole

Noregs musikkhøgskoleMajorstua i Oslo er den høgaste utdanningsinstitusjonen for musikk i Noreg. Institusjonen vart grunnlagd i 1973, men har røter attende til Musikkonservatoriet i Oslo, som vart danna som Organistskolen i Kristiania av Ludvig Mathias Lindeman og Peter Lindeman i 1883.

Noregs musikkhøgskole

Foto: Hans A. Rosbach
Grunnlagt1973
TypeVitskapleg høgskole
StadOslo
Studentar677
Tilsette174

Koordinatar: 59°55′56″N 10°42′49″E

Noregs musikkhøgskole (NMH) har 475 studieplassar, og tilbyr utdanning på bachelor-, master- og PhD-nivå innan utøvande musikk, komposisjon, musikkpedagogikk og musikkterapi. Det er mogleg å studere klassisk musikk, improvisert musikk/jazz og norsk folkemusikk.

I tillegg til musikkutdanning driv NMH med konsertverksemd og forsking. Dei tilbyr òg etterutdanning i mellom Administrasjon og ledelse og Minoritetskulturar i musikkundervisning.

I 2007 innvigde NMH eit nytt undervisningsbygg, 2. hus, i tilknyting til det eksisterande bygget ved Chateau NeufMajorstua.

Bakgrunnsstoff Endra