NorgesEnergi AS er ein norsk straumleverandør som vart skipa i 1999. Dei leverar straum til kundar over heile Noreg, og er ein del av Hafslund Marked AS. NorgesEnergi held til i Kristiansand og har ca 150 medarbeidarar.

NorgesEnergi
Org.formAksjeselskap
Org.nr.939692738
Skipa1999
HovudkontorKristiansand kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://norgesenergi.no/

Visjon og forretningskonsept endre

NorgesEnergi har som visjon å bli den mest føretrekte og best likte straumleverandøren i landet. Kjernen i forretningskonseptet er å levere billig straum, kutte kundanes straumutgifter og gje god kundeservice.

Kundetilfredsheit endre

NorgesEnergi vart av Norsk Kundebarometer kåra til den straumleverandøren med mest fornøgde kundar i årene 2003, 2004, 2005, 2006, 2007, 2008 og 2009.

I 2008 vart NorgesEnergi bransjevinnar for bransjen Energi i Best i Test – Kundeserviceprisen 2008.

Samarbeidspartnarar endre

NorgesEnergi er i dag samarbeidspartnar for ei rekke større nasjonale organisasjonar og interessegrupper, mellom andre Huseiernes Landsforbund, Norsk Familieøkonomi, mfl. Desse anbefaler NorgesEnergi som straumleverandør for sine medlemmar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre