Norges Olympiske Museum
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Noregs Olympiske Museum er eit museum på Lillehammer som tek for seg historia om dei olympiske leikene både i antikken og i moderne tid. Museet har størst fokus på vinterleikane i Oslo i 1952 og Lillehammer i 1994. Olympiske høgdepunkt vert presenterte gjennom interaktive installasjonar, multimedia-presentasjonar og historier knytte til originale gjenstandar. I tillegg til den faste utstillinga. viser òg museet temporære utstillingar med tema knytte til idrettshistorie og sport. Paralympics og Ungdomene-OL har eigne seksjonar i museet.
Museet held til på Maihaugen og er ein del av Stiftelsen Lillehammer museum.
Historie
endreNoregs Olympiske Museum (NOM) vart oppretta 10. mai 1995 av Noregs Idrettsforbund, Lillehammer kommune, Oppland fylkeskommune, Maihaugen, Olympia Utvikling og Troll Park. Museet vart offisielt opna av Kong Harald og Dronning Sonja den 27. november 1997 i Håkons Hall i Olympiaparken på Lillehammer. Museet vart flytta til sin noverande plassering på Maihaugen i 2016.
- ’’Det nye OL-museet på Maihaugen, Lillehammer, har blitt en fantastisk gjennomgang av stolte norske olympiske øyeblikk og historie. Veldig hyggelig for meg å samle alle mine olympiske medaljer i denne historiske rammen. Man blir ydmyk av å bli vist frem blant alle disse norske storheter.
Museet var opphavleg organisert som ein privat stiftelse. I 2006 vart museet konsolidert med Maihaugen som innebar at Maihaugen fekk driftsansvar for museet og arbeidsgiveransvar for dei tilsette. I samband med konsolideringen endra stiftelsen namn til Noregs Olympiske Samlingar med styrerepresentantar frå Lillehammer kommune, Oppland fylkeskommune og Noregs Idrettsforbund og Olympiske komité.
Museet vert framleis marknadsført under namnet Noregs Olympiske Museum.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Norges Olympiske Museum» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2018.