Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Norges Tekniske Vitenskapsakademi vart skipa i 1955 i Trondheim og er ein ideell og sjølvstendig organisasjon som arbeider for «å fremje forsking, utdanning og utvikling innan dei tekniske og tilgrensande vitskapar, til beste for det norske samfunnet og for utviklinga av norsk næringsliv».[1] Han har fire satsingsområde

  • Betre rekrutteringa til teknologiske og naturvitskaplege fag
  • Stimulere til auka forsking, innovasjon og næringsutvikling
  • Skapt forståing i samfunnet for tydinga til teknologien
  • Vidareutvikle ein møteplass for informasjon, kritikk og diskusjon
Norges Tekniske Vitenskapsakademi

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer977198852
Skipa9. september 1955
HovudkontorTrondheim
LeiarTorbjørn Digernes
TenesterNorges tekniske vitenskapsakademis ærespris
Medlemmer550
Nettstadhttp://www.ntva.no Sjå dette på Wikidata

Tiltaka er prosjekt, seminar, møter, høyringsuttalingar og publikasjonar Det har opptil 250 norske medlemmar under 65, og forutan desse er det eit par hundre utanlandske, alle rekruttert frå akademia og næringsliv. Forutan hovudkontor i Trondheim har ein kontor i Oslo, Stavanger og Bergen. Det blir leia av president Asbjørn Rolstadås frå NTNU.

Dei deler ut ein årleg ærespris for banebrytande teknologi, vinnaren blir òg teke opp som medlem og mottek eit diplom som blir delt ut på samskipnaden sitt årlege Teknologiforum. Samskipnaden har òg ein serie æresmedlemmer, mellom dei Jens Glad Balchen frå NTNU.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre