Arne Bjørlykke
norsk ingeniør, geolog og professor
Arne Bjørlykke (fødd 3. oktober 1943) er ein norsk geolog og son av av Harald Bjørlykke.
Arne Bjørlykke | |
Fødd | 3. oktober 1943 |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | ingeniør, geolog, professor, gruveingeniør |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Alma mater | Noregs tekniske høgskole |
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Han tok utdanning som bergingeniør ved NTH (no NTNU) i Trondheim og var tilsett ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) frå 1968 til 1984. Frå 1984 og fram til 1994 var han tilsett som professor i mineralogiske ressursar ved Universitetet i Oslo og vart så administrerande direktør ved NGU i fram til 2006, då han vart seniorforskar ved NGU. I 2009 tok han over som direktør ved Naturhistorisk museum (NHM) i Oslo.
Bjørlykke har særleg drive innan ressursgeologi, mellom anna gullmineralisering. Han har delteke i mange offentlege utreiingar og vore delegat ved internasjonale havrettsforhandlingar.
Kjelder Endra
- «Arne Bjørlykke» i Store norske leksikon, snl.no.